Konsert med Kviven duo i Matgarasjen

PUBLISERT

Tirsdag er det Matgarasjen sin tur til å få besøk av felespillere i mesterklassen, gjennom Hilmarfestivalen. Konserten varer fra klokka 20-21, og vi åpner dørene klokka 19. Billetter kjøpes gjennom Hilmarfestivalen, se lenke under.

Bestill billett her

Dette er hvordan Himarfestivalen presenterer Kviven Duo:

SLÅTTAR OVER KVIVEN

Kviven er fjellet som skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre.
I mange hundre år har folk gått denne velkjende ferdselsåra mellom Nordfjord og Sunnmøre enten det var til arbeid eller fest.

«Kvakksalvar-Guri» er debutalbumet til Kviven duo. Bak namnet finn me dei to meisterspeledamene Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm. Den vestlandske blygselen svinn som dugg for sol når den framoverlente duoen triv felene sine. Dei framfører gamle danseslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre med ein djervskap og energi som gjer musikken høgaktuell.

 

Slåttane på dette albumet har i seg ein nerve og ei framdrift utover det vanlege. Utan å gå på kompromiss med tradisjonen kastar Frøholm og Kvernberg nytt lys over musikk som har levd i området i fleire hundreår. Det musikalske utgangspunktet er tradisjonelle feleslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre generelt, Hornindal og Volda spesielt – bygder som dei to utøvarane har sterk tilknyting til.

Kvernberg og Frøholm har kvar for seg lang fartstid som utøvande musikarar på heiltid, t.d. gjennom nyskapande band som Majorstuen, Maar, Boreas, Perleskum m.m.

 Duoen brenn for den tradisjonelle folkemusikken, og har ein visjon om å gi den gode levekår i samtida. Slåttemusikken har dialekter på same måte som talespråket i vårt langstrakte land. I Nordfjord og på Sunnmøre finn me kvikke slåttar med ei skarp takt og ein munter kveik. Kviven duo tek dette til nye nivå på albumet «Kvakksalvar-Guri»

Tangenter-Terje Tranaas.

 

 

FLERE
saker

Hopp rett ned til innholdet